Vil ha målbruksplan innført i Voss kommune
Saksa frå "Hordaland" 27. januar 2015:
Voss, ein av dei største nynorskkommunane i landet, har ikkje vedteke ein eigen målbruksplan. Det vil lokale målfolk gjera noko med.
I dag er stoda på Voss mykje lik andre bygdekommunar, der korrespondansen med innbyggjarar og mynde like gjerne går på bokmål som på nynorsk.
Ikkje sjeldan vert kommunal språkbruk – uansett målføre – kritisert for å vera for tung, uforståeleg, snirklete og byråkratisk, slik at folk flest må bruka tid på å forstå kva som eigentleg står skrive.
Fleire fluger i ein smekk
Her tenkjer Voss mållag at det må vera råd å slå fleire fluger i same smekken, ved at Voss vedtek sin eigen administrative målbruksplan, slik at ein får eit verkty til å røkta nynorsk bruken, og samstundes sikra eit godt og lettfatteleg språk.
Difor har Alf Jansen og Eirik Helleve møtt personleg på kontoret til ordførar Hans Erik Ringkjøb, og gitt han eit dokument på tre sider, med tittelen «Målbruksplan for Voss kommune». Her finn ein retningslinjer for eigna språk og «vedtekter» for korleis kommuneadministrasjonen skal halda seg til mållov, og reglar for kommunikasjon med innbyggjarar og statlege etatar.
Omdøme og demokrati
Dokumentet er det lokale mållaget sitt forslag til målbruksplan for administrasjonen i Voss kommune, og dei ber no om at denne vert gjort gjeldande for alle tilsette.
– Me meiner å ha fleire gode argument for ein slik plan. Voss er ein av dei største nynorskkommunane i landet. Vidare er Voss ein stad som byggjer omdømet sitt mellom anna rundt at ein ynskjer å vera ei bygd, og ikkje ein by. Ein del av slik merkevarebygging vil då vera å halda nynorskfana høgt. Men det handlar også om demokrati, der me meiner innbyggjarane bør kunna venta at kommunen dei bur i brukar eit godt og forståeleg språk, og då meiner me at nynorsk er å velja, sa Jansen då dei møtte ordføraren.
Vanskeleg å vera mot
Ordførar Ringkjøb stiller seg ikkje negativ til framlegget. Men han seier det i så fall må gjerast på ein slik måte at også alle som jobbar i kommunen vert med i prosessen heilt frå byrjinga. Det er nemleg råd å finna eit par ut fordringar i eit slikt vedtak.
Fleire meistrar ikkje nynorsk
– Det er vanskeleg å finna argument mot at Voss skal ha ein slik plan. Nynorsk er eit godt lovspråk, og det er godt kjent for innbyggjarane. Men dette kan verta eit døme på at noko som er lett å vedta, viser seg å vera vanskeleg å fylgja opp i praksis. Fleire opplever det som utfordrande å meistra nynorsk. Her gjeld det å finna balansen mellom fleire oppgåver, ikkje minst det å faktisk få sendt ut viktig informasjon. Likevel er eg samd i at kommunen har godt av å halda eit forståeleg og enkelt språk, og at ein slik plan er til hjelp, sa Ringkjøb.
Ikkje språkpoliti
– Det er nettopp vårt poeng! Tanken er ikkje at nokon skal springa rundt og vera språkpoliti, men at ein slik plan er med på å auka medvitet rundt språket ein brukar.
– I ei tid der me som nynorsk brukarar vert sterkt påverka av ei rekkje kjelder som dreg i andre leia, til dømes IT-språket, fjernsyn, internett, så kan ein nok seia at det språklege sjølv biletet kan verta utfordra, og at ein slik plan kan koma til nytte, også som eit bolverk mot språket me oftast møter i rundskriv, retningsliner, forskrifter og annan korrespondanse. Det ville vore interessant å sjå fordelinga av nynorsk og bokmål i vår korrespondanse med statlege organ og etatar, sa ordføraren.
Triveleg kamp
– Ja, det er ein kamp som må kjempast, for elles taper me. Men det er veldig viktig at me ikkje ser på det som ein unødvendig og utriveleg kamp, men heller ein kamp som gjer ein rikare, og at det kjem noko godt ut i andre enden. Så då er spørsmålet, ordførar: er du villig til å ta denne kampen? spurde Jansen og Helleve.
– Eg er samd i at me treng å ta slike kampar, men samstundes gjeld det å plukka dei rette kampane, og å finna rette for holdet mellom det å leggja til rette for at rettane til innbyggjarane vert tekne vare på, og samstundes ikkje pressa andre inn ei eit språk dei alt kjenner seg utrygge på. Viss denne planen bidreg til at folk kan verta meir trygge som språkbrukarar i kommunen, er det bra, sa ordføraren.
Må handsamast politisk
Mållaget fekk deretter ei orientering om kva ordføraren ser for av saksgang vidare.
– No har me fått forslaget. Eg er temmeleg sikker på at det finst reglar for korleis ein skal gå fram i slike saker, og me må få involvert folk tidleg i prosessen. Etter rundar med innspel og kanskje nokre endringar, så vil tida vera mogen for vanleg politisk handsaming i kommunestyret.
Litt arbeid att
Eit av dei tidlegaste mållaga i landet vart skipa på Voss i 1898. I 1907 vart laget nedlagt, då kampen vart vurdert som vunnen. Etter eit par år kom ein fram til at det var noko att av striden likevel, og oppretta laget på ny.
KARL YSTANES | Journalist i avisa Hordaland Les avissida som pdf-fil294.45 KB