Brev frå Hordaland Mållag til fylkestingsmedlemene september 2016
Gode fylkestingsmedlem,
Hordaland Mållag er svært overraska over at det ikkje skal vera krav til nynorsk som administrasjonsspråk i den nye Vestlandsregionen. Me tykkjer at det avtaleforslaget som ligg i bordet ikkje er godt nok. Etter vårt syn burde det her settast opp klare vilkår om bruk av nynorsk i storregionen i vest, og me ser for oss Hordaland som ein positiv pådrivar for å få dette til.
Me i Hordaland Mållag vil gjerne medverka med å skriva framlegg til vedtakstekst til handsaminga i fylkestinget, så ta gjerne kontakt om de ynskjer eit samarbeid eller innspel frå oss.
Ha ein fin dag vidare!
Beste helsing
Hordaland Mållag
ved leiar Astrid Helene Olsen
***
Nynorsk og Vestlandsregionen:
I intensjonsavtala står det ikkje kva som skal vera språket i den nye regionen, og nynorsk er berre nemnd éin gong i teksten med denne setninga: «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar».
> Hordaland har lange nynorsktradisjonar, og den nynorske språkarven er verdt å ta vare på for det fylket som har flest nynorskelevar i landet.
> Alle dei tre vestlandsfylka har ein lang nynorsktradisjon. I dag vil mellom anna 67 av kommunane i den eventuelle storregionen vera nynorskkommunar, medan berre tre vil vera bokmålskommunar og 15 har vedtak om språknøytralitet.
> Utan språklege retningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder.
> Nasjonalt representerer nynorsken eit språkleg mindretal. Dei som skriv bokmål ser språket sitt rundt seg heile tida, medan dei som skriv nynorsk ofte må leite for å i det heile finna sitt i media, bøker og på internett.
> Ein eventuell ny region kan vera ein massiv nynorsk skriftprodusent. Dette vil gje regionen ei svært viktig rolle som språkleg fyrtårn. Den store produksjonen av nynorsk tekst som vil gå frå ein slik instans inn i havet av bokmålstekst vil vera essensiell for å gjera nynorsken synleg.
> Offisiell norsk språkpolitikk legg opp til styrking av nynorsk i offentleg språkbruk. Dette er meir enn berre ei praktisk ordning, det er også ei styrking av den kulturelle og språklege identiteten til nynorskbrukarane.
Gode fylkestingsmedlem,
Nynorske fakta om Hordaland og Vestlandet:
I grunnskulen i Hordaland er det 24.118 elevar som har nynorsk som hovudmål og 38.611 har bokmål. Det er med andre ord det fylket som har flest nynorskelevar i landet. Men også i dei to andre fylka i den nye regionen er det mange elevar som skriv nynorsk. I Rogaland har 14.212 elevar valt nynorsk og 46.266 bokmål som hovudmål, medan det i Sogn og Fjordane er heile 13.639 nynorskelevar mot 337 som nyttar bokmål.
Av dei 33 kommunane i Hordaland er heile 30 av desse nynorskkommunar, medan dei tre siste er språknøytrale. I heile regionen er det 67 nynorskkommunar, 15 som er språknøytrale og tre bokmålskommunar.