Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid
Aslak L. Helleve, leiar i Voss mållag 1982–83, heldt det fylgjande foredraget på jubileumsfesten til Hordaland mållag, 22. august 2020.
Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid
Nokre minne – og påminningar, frå ein som var med
Hordaland Mållag vart skipa i 1970, og markerte såleis 50 års-jubileet i 2020. Knut O. Dale oppmoda meg om å fortelja noko om bakgrunnen for skipinga av laget. Det som her fylgjer er ein lang versjon av det kåseriet eg heldt på jubileumsfesten etter årsmøtet laurdag 22/8 2020.
Det var alt eit fylkesmållag for Hordaland; Vestlandske Mållag, kvifor då skipa eit nytt? Det er hovudemnet her. Eg er oppteken av kva me kan læra av lagssoga. Eg er innom mange emne, men går lite på djupna. De kan sjølve ta føre dykk målsaksklassikarane, både dei eg nemner her og dei andre.
Kjelder
Fyrst lyt eg seia noko om sanningsinnhaldet i det eg seier. Eg har to hovudkjelder: Fyrste hovudkjelda er mest mitt eige minne, men noko òg etter minnet til andre som var med. Møtebøker og aviser burde vore granska, men det har eg ikkje teke meg tid til. Eg trur – eller innbiller meg – at sjølv om eg visseleg mishugsar mykje, er hovudinnhaldet «rett». «Rett» slik ein som var med på eine sida i striden oppfatta tilburdane. Dette utgangspunktet fører til at framstillinga mi vert noko «skeiv» og anekdotisk.
Den andre hovudkjelda er boka Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981, særleg det Lars S. Vikør og Olaf Almenningen skriv. Boka er verd å lesa.
Landsmøte i Noregs mållag
Eg la meg inn ved Universitas Bergensis hausten 1966. Eg vart snart med i Studentmålaget, og sommaren 1968 vart eg funnen verdig til å vera ein av utsendingane på landsmøtet i Noregs mållag i Bø i Telemark.
Dét vart litt tå ei oppleving!
Eg hadde benka meg ved sida av ein som hadde vore på landsmøte før. Fyrste sak var nye landsmøteføresegner. Her var det føreslege strenge reglar: Ordskifte om sakliste og møtestyring skulle avgrensast strengt. Straks var det ein som heitte Hallvard Bergwitz som spratt opp og krov ordet. Sidemannen min – han med landsmøterøynsle, vende straks sakspapira, fann ei blank side å begynte å setja strek – de veit; fire jamsides strek og så strek over. Her galdt det å fylgja med; skal tru Bergwitz kom til å setja ny talerekord? Gula-Per var på plass, og dagen etter kunne ein lesa i Gula: «På fyrste dagen av landsmøtet i Noregs Mållag i går vart det sagt mykje, både fornuftig og mindre fornuftig, som vanleg er ved slike høve. Særleg merkte stortalaren Bergwitz seg ut. Han kom opp i ikkje mindre enn 45 stuttare eller lengre innlegg og skulle såleis liggja godt tilrette for ny talerekord.» – Gula-Per hadde støtt eit godt auga til i-målsmennene.
Kva er så ein i-målsmann?
Spørsmålet er om soli skin på husi eller om sola skin på husa. Med rettskrivings-endringa i 1938 vart a-forma hovudform – lærebokform, medan i-formi vart sideform.
Elles vart det i 1938 gjort ei rad endringar i både i nynorsk og bokmål. Tanken bak var tilnærming på «norsk folkemåls grunn». Og målet var ei samansmelting av bokmål og nynorsk. Mange av tilnærmingsformene slo igjennom i nynorsk. Tilnærmingsformene i bokmål slo ikkje i gjennom. Det vart argumentert med at nynorsk trong til å få eit utvida folkemålsgrunnlag- og bokmål skulle få det folkemålsgrunnlaget det vanta. Meininga var å gje meir rom til austlandsk folkemål.
Slik argumenterte tilhengjarane av rettskrivingsendringane.
Mellom målfolk var meiningane delte. Somme støtta rettskrivingsendringane og tankane bak. Fleirtalet, slik det kom fram på landsmøta, var imot. Dei såg på dette som ei sundriving av nynorsken. Gustav Indrebø argumenterte grundig for dette synet. Hans kritikk er vel verd å lesa.
Denne talaren har stor sans for argumentasjonen til Indrebø. Men for å føregripa konklusjonen kan eg seia at mi meining er at gjort er gjort.
I-målsmann er då ein som held på tradisjonell nynorsk – Aasen, Hægstad, Indrebø-lina.
Ein kan undra seg over at ein plent skulle innføra ei ny rettskriving i 1938, berre 21 år etter førre rettskrivingsendring i 1917. Noregs mållag ynskte inga endring, sjølv om somme framståande målmenn gjorde så. Men rikspolitikarane ville ha endring: Kvifor det? Eg kjenner ikkje saka så godt, men eg skal nemna ein hypotese som kan ha noko føre seg. Målspørsmålet var vorte eit problem for somme parti. Så lenge Høgre og Venstre delte landet og veljarane seg i mellom var det greitt; Venstre vann røyster på å støtta målsaka, Høgre vann røyster på å vera mot målet.
Vestlendingar røysta venstre, austlendingane røysta Høgre. I mellomkrigstida hadde Bondepartiet komme til og Arbeidarpartiet voks seg stort. Desse to partia sanka veljarar frå heile landet. Problemet for desse partia var at om dei valde side i målstriden kunne dei vinna i ein landslut, men tapa i ein annan. Greidde ein få eitt samnorsk skriftmål, var problemet løyst.
Tiåra etter andre verdskrigen
Så attende til Landsmøtet i Bø. Der vart eg kasta rett inn i borgarkrigen mellom målmenn. Ein borgarkrig eg snautt visste om før. Striden båra på tre landsmøte: Bø 1968, Øystese 1969 og Borgund på Sunnmøre i 1970.
Bakgrunnen for striden: Mange målfolk godtok aldri rettskrivingsendringane frå 1938.
I tida etter rettskrivingsendringa gjekk mange skulekrinsar over til nynorsk. I 1944 vart toppen nådd. Då fekk 34,1 % av borna i folkeskulen opplæringa på nynorsk. Etter krigen minka skulemålsprosenten radig. I 1960 var han 22,7.
I boka Målreising i 75 år er det Lars S. Vikør som skriv lagssoga for tidbolken 1945–1980. Han nemner at NM vart ståande heller tafatte andsynes tilbakegangen i skulen. Så tafatt var styret at ei gruppe målfolk i 1956 skipa ei privat «Opplysningsnemnd for norsk mål» for å driva praktisk målarbeid; skulemålsarbeid og pressearbeid. (Målreising i 75 år, side 228).
Fleirtalet i NM, i styret og på landsmøta, arbeidde for å omstøyta i alle fall nokre av rettskrivingsendringane frå 1938. Mindretalet støtta 1938-rettskrivinga. Båe meinte at deira veg kunne føra til ny framgang. Landsmøta i 1955 og 1956 var stormfulle. Fleire og fleire ynskte slutt på striden. Og på landsmøtet i 1957 vart det valt eit styre med fleirtal av moderate a-målsfolk.
No vart det husfred fram til landsmøtet i Bø i 1968. I mellomtida der skjedd ymse endringar både innan målrørsla og i målpolitikken til staten.
Tidleg i sekstiåra spådde ymse kulturpessimistar at norsk kultur kom til å drukna i ei bylgje av amerikansk massekultur. I boka Målstrid og massekultur som kom ut i 1963 freista Sigmund Skard å påvisa att nett nynorsken hadde eigenskapar som kunne vera eit vern mot dette trugsmålet.
Riksmålsrørsla var eit uromoment for staten. Staten nemnde opp Vogtkomiten, språkfredskomiten kalla, for å blidka riksmålsrørsla. Staten gav opp samnorskpolitikken. Språknemnda var bytt ut med Språkrådet, der også Riksmålsforeningen vart med.
Nyorientering i Noregs mållag
Innan Noregs Mållag skjedde det ei nyorientering i 1960-åra. Målsaka vart sett i ein samfunnssamanheng. På landsmøtet i 1965 var hovudemnet Strukturendring og målpolitikk. Berge Furre innleidde. Målrørsla måtte no vera med å berga bygdene frå sentraliseringa. Ein måtte godta tospråkssituasjonen. Og ein måtte skrinleggja tilnærmingslina. Så lenge bokmålsida ikkje synte nokon vilje til tilnærming ville ei einsidig tilnærming av nynorsk til bokmål berre viska ut skiljet mellom dei to måla.
Etter tildriv av Berge Furre sette Noregs Mållag ned ei stor nemnd som skulle freista staka ut stemneleia til målrørsla i tråd med dei nye samfunnstilhøva. Nemndtilrådinga kom seinare i bokform med tittelen Målreising 1967.
Nemndtilrådinga skrinla tilnærmingslina som ein farande veg for målrørsla. Grunn- gjevinga var at bokmålsida ikkje synte nokon vilje til å nærma seg nynorsken. Moderat bokmål/riksmål hadde vunne over radikalt bokmål. I denne stoda ville det å halda fram med å tilnærma nynorsken til bokmålet føra til at nynorsken gjekk opp i bokmålet.
Her skal nemnast at Gustav Indrebø alt før 1938-rettskrivinga var vedteken spådde at jamstellingsformene – folkemålsformene – i bokmål ikkje kom til å slå igjennom.
Landsmøtet i Bø
På landsmøtet i Bø i 1968 var målprogrammet frå boka Målreising 1967 sett opp som hovudemne.
Deler av målrørsla hadde oppfatta skrinlegginga av tilnærmingslina som hovud- poenget i Målreising 1967. I tråd med dette hadde ei fløy budd seg på omkamp om 1938-rettskrivingi, medan ei anna fløy var budd til strid for tilnærmingslina.
Møtelyden delte seg i tre fløyer. Kvar med si forklåring på attendegangen for nynorsken.
Minste gruppa, Naumdøla mållag og Agder mållag, meinte at nynorsken tapte fordi han var for gammalvoren. Tilnærminga måtte fortsetja. Ein kan merka seg at Namdal og Agder var stader der nynorsken no hadde gått attende.
Ei noko større gruppe meinte grunnen til at nynorsken gjekk tilbake var at han var utvatna og for lik bokmål. Einast den skire heilrende nynorsken kunne vinna fram. Dét målet var så vent at det var elska jamvel av riksmålsfolk.
Fleirtalet av landsmøtelyden halla truleg mot å forklåra tilbakegangen for nynorsken med samfunnsendringar – urbanisering, sentralisering og materialisme. Korkje å venda tilbake til ei tidlegare rettskriving eller å føra nynorsk nærare bokmål var vegen å gå. Ein fekk halda på det ein hadde. Å stridast om a eller i var øydeleggjande.
Så vart det vedteke at a-mål og i-mål skulle jamstellast. Etter ein pause vart vedtaket omgjort. I-målsmennene måtte med naudsyn kjenna seg dolka i ryggen. Grunngjevinga for å gjera om vedtaket var at somme ikkje var klåre over kva dei eigentleg hadde røysta for. Somme hadde trutt av jamstillinga mellom a-mål og i-mål berre skulle gjelda innan målrørsla. Desse hadde då røysta for jamstelling utan tanke om at dette skulle dra etter seg eit krav til styresmaktene om ei rettskrivingsendring.
Dette bar til fyrste landsmøtedagen. Andre dagen innleidde Bjarne Fidjestøl til ordskifte om det målpolitiske hovudinnhaldet i Målreising 1967: Han han kom mellom anna inn på studentopprøret i Paris. – Landsmøtet var i slutten av juli 1968; etter Paris, men før Praha.
I ordskiftet etterpå kom der ikkje ein knyst frå i-målsmennene. Det var ei talande togn. Der i garden hadde norsk målstrid ingenting med samfunnsutviklinga å gjera!
Målringar
Sigeren i Bø, som vart snudd til usiger, gav i-målsfolki blod på tann. Men dei var i mindretal. Korleis kan eit mindretal få fleirtal. Ein kan argumentera godt og få fleirtalet over på si side. Men målfolk er ikkje lette å snu. Då lyt ein freista med krokvegar.
Det var nett det i-målsfolki freista med på dei to neste landsmøta; i Øystese i 1969 og i Borgund på Sunnmøre i 1970. Dei lykkast ikkje.
Framgangsmåten var såleis: Lagslogi (alle målfolk veit då at lov er dansk?) sette minstestorleiken for eit mållag til fem lagslemer. Då fekk dei éin utsending på landsmøtet i Noregs mållag. Slike lag vart kalla målringar. Dei vart stundom skipa på stader der det var mållag frå før.
Såleis freista mindretalet av medlemmene i NM få fleirtal på landsmøta. Formann i NM var Hans Olav Tungesvik. Han mana til fred og samhald, men det var uråd. I-målsfolki ville overta. Føre landsmøtet i Øystese i 1969 hadde skrivar Kjell Hellesnes vendt seg til målringane og stilt ymse spørsmål til årsmeldingane deira. På spørsmål om kva dei ville gjera for å få fleire medlemmer, svara ein ring såleis: «Me er mange nok.» I ein annan ring kom det fram at den som var oppført som kasserar ikkje visste av laget han var kasserar i. Fullmaktsnemnda på landsmøtet rådde frå å gje røysterett til utsendingen frå denne siste målringen og gjera sameleis med ut- sendingen frå ein annan ring med ei heller tvilsam årsmelding.
No var det ikkje lenger berre badetemperaturen som var høg i Øystese denne fagre julidagen. Nett desse to målringane fekk ikkje røysterett, dei andre ringane fekk.
Vestlandske mållag
Men i Vestlandske mållag, fylkesmållaget som femnde om Hordaland fylke, var det ein annan dans.
Og no, kjære utolmodige lydarar, kjem me endeleg fram til saka nemnd i tittelen: Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid.
Året er 1970.
Mange av målringane høyrde heime i Vestlandske mållag. Her fekk lag med fem lagslemer to utsendingar på fylkesårsmøtet, medan tillegget for lag med mange medlemmer var heller lite. Her rådde i-målsmennene, medan a-målsmennene ikkje nådde opp ved val av formann, styre og utsendingar til landsmøta i NM.
Men i-målsfleirtalet i Vestlandske mållag var eit kunstig fleirtal, det bygde på overrepresentasjonen til dei småe laga, og mange av dei småe laga var 5-manns målringar.
Medan striden båra som verst, sende leiarane i mange lokallag innan Vestlandske mållag eit brev stila til målfolk elles i landet der dei bad om at ein ikkje måtte tru at målsynet til landsmøteutsendingane frå Vestlandske mållag var representativt for målsynet til fleirtalet av medlemmene. Brevskrivarane sa seg representera ikring 1850 av dei ikring 2500 medlemmene i Vestlandske mållag.
(Det eg skriv om brevet vendt til målfolk i andre landsluter skriv eg einast etter minnet. Men styrketilhøvet vert indirekte stadfesta av Vikør på side 263 i Målreising i 75 år. Sjå nedanfor.)
Å få eit mindretal på 650 mot 1 850 til å verta eit fleirtal er godt gjort.
Utmarsj
Laurdag 11. april 1970 var det årsmøte i Vestlandske mållag i Fensal, huset til Bondeungdomslaget i Bergen. Der vart utsendingane frå Studentmållaget i Bergen, Kvam elevmållag og Lindås skulemållag nekta røysterett. Dette var i strid med samarbeidsavtalen mellom NM og NSEM som var vedteken på landsmøtet i NM i Øystese sommaren før. Det gjorde ikke saka betre at ei rad nye målingar var med og røysta utan at.den nye tilvoksteren i fylkeslaget var nemnd korkje i årsmeldinga eller av møteleiinga.
No reiste 56 stykke seg og forlét møtesalen, gjekk opp ei tropp og inn på eit anna rom i Fensal. Der valde dei eit førebels styre for eit nytt fylkeslag; Hordaland mållag.
Brotet vart sjølvsagt omtala i pressa. BT hadde ein brei omtale av saka måndag 13. april.
Dei som braut ut vart kalla målblandarar og venstreradikalarar av i-målsflokken.
Utbrytarane la vinn på å at tilstandane i Vestlandske mållag gjorde det umogeleg å driva gagns målarbeid.
Bergens Tidende hadde 30. april 1970 eit intervju med Hans Olav Tungesvik, formann i Noregs Mållag. Tittelen lydde: Brotet i Vestlandske Mållag byggjer på urett grunnlag.
I same nummeret stod det eit innlegg skrive av Nils Storebø, leiaren for utbrytarane. Tittelen var: Kløyvinga i Vestlandske Mållag.
Her vart brotet forklåra med det udemokratiske i at dei tre student- og elevmålaga var nekta røysterett og at i-målsfolka skaffa seg kunstig fleirtal gjennom i-målsringane. Ein kan òg merka seg at Hans Olav Tungesvik som i det lengste hadde freista å skipa fred mellom fløyane no stillte seg fullt og heilt bak utbrytarane. Dette peika framover mot landsmøtet i Borgund på Sunnmøre sommaren samme året.
Interimsstyret for det påemna Hordaland Mållag gav ut ei heil avis: Målreising 1970. (Etter målhistoriske utgravingar på eit loft i Odda dukka det sommar fram eit eksemplar av denne avisa.) I avisa vart grunnane til brotet forklåra. Men like stor plass var vigd til å greia ut om korleis det nye fylkeslaget ville arbeida for å styrka stoda til nynorsken. Det arbeidet hadde lege nede for skuld striden. Og ikkje minst galdt det å få bort inntrykket av at målfolk var nokre raringar som ikke gjorde anna enn å krangla innbyrdes.
Borgund sommaren 1970. Samfunnslina sigrar over bokstavlina
No var tolmodet slutt. Styret i NM innstilte på at målringar som ikkje hadde svara på spørsmål om kva dei dreiv med skulle nektast røysterett på landsmøtet. Slik vart det. Utsendingane frå 18 ringar vart nekta røysterett. No var det i-målsmennene som gjekk frå møtet. Slik underskrivne minnest tilburden – eller gjerne slik han likar å minnast tilburden – marsjerte ikkje i-målsmennene ut i samla flokk slik me a-målsfolk gjorde i Fensal i april. Nei, dei tutla seg ut nokre då og nokre då.
Lars S. Vikør skriv såleis i Målreising i 75 år, jubileumsboka til Noregs mållag: Samfunnslina hadde sigra over bokstavlina. No skulle det fylkast til strid for bygde-Noreg.
Då høvde det godt at Bjørn Unneberg var hovudinnleiar på landsmøtet i Borgund.
Året etter, 1971, vedtok landsmøtet med 157 mot 21 røyster å gå mot norsk medlemskap i EEC/EF.
Men det er viktig å hugsa at allmennpolitikk aldri vart noko hovudsak for NM.
Nye tankar? Volda-seminaret. Mål og makt
Var dette nye tankar? Nei, ikkje radt. Hovudinnleiingane på dei siste landsmøta hadde teke opp målreising sedd i eit samfunnsperspektiv. Men bokstavstriden hadde teke mest all merksemd.
Eit friskt og viktig pust var Volda-seminaret i månadsskiftet februar/mars 1970.
Her vart målsaka sedd i samfunnssamanheng, men òg som ei personlegdomsstyrking. Foredraga frå seminaret vart samla i boka Mål og makt frå 1971. Boka er verd å lesa – lesa omatt.
Hordaland mållag skipa. Læreboksaka. Nye stridar
Hordaland mållag vart formelt skipa hausten 1970. 17. april 1971 melde Vestlandske mållag seg ut or Noregs Mållag. Frå 23. juni 1971 var dei med i Ivar Aasen-sambandet. Dei store mållaga i Hordaland fylke valde å melda seg inn i Hordaland mållag. Vikør skriv i Målreising i 75 år at medlemstalet i Hordaland mållag no vart pålag 2 000, ca 500 færre enn før brotet. Dette stadfester at leiarane for dei opposisjonelle i Vestlandske mållag hadde rett, då dei i brev stila til målfolk i andre landsluter, sa seg representera 1 850 av dei ikr. 2 500 medlemmene i Vestlandske mållag.
Eit viktig ankepunkt mot i-målsmennene i Vestlandske mållag var som nemnt at dei ikkje berre forsømte praktisk målstrid, men også at den indre striden i seg sjølv batt krefter som kunne vore nytta i praktisk målstrid.
Når no dei hardsette i-målsfolka var ute or NM, vart det ein snunad.
Målrørsla begynte å bita meir ifrå seg i skulemålsrøystingane.
Striden for lærebøker på nynorsk til same tid og same pris som bokmålsbøkene voks til ei masserørsle blant skuleungdommen. Hausten 1970 streika elevane ved Øystese gymnas for dette kravet. I 1971 streika 30 000 elevar landet rundt.
Målrørsla tok seg òg tid til nye stridar Det var strid om kva som var det avgjer- ande argumentet for målreisinga; det nasjonale eller det sosiale. Strid var det òg om nynorsk som einaste riksmål i landet. Og om nynorsk allereie var ein tenleg sameinar for alle dialektane i landet eller om han hadde to i seg til å verta det.
Innan målungdommen striddest SUF-ml med vener mot SV med vener. Dette var i den tidbolken då m-l-rørsla var på sitt mest sekteriske.
Trass i dette vart det gjort mykje bra målarbeid.
Etter denne noko springande oppritet av utvalde deler av soga til målrørsla er me komne til neste bolk:
Kva kan me læra av dette?
Ja, det skjønar me sakte, svarar de; indre strid veikjer då kvar og ei rørsle. Me lyt vakta oss for indre strid.
Då spør eg: Kvifor vert ei rørsle som målrørsla så lett fengd av indre strid?
Lat oss venda attende til der eg begynte; landsmøtet i Bø i 1968:
Nynorsken taper lende. Møtelyden deler seg i tre. Ei gruppe meiner at tilbakegangen skuldast at nynorsken er vorten for utvatna og for lik bokmål, ei gruppe meiner grunnen er at nynorsken er for gammalvoren, medan siste gruppa meiner attendegangen kjem av samfunnsutviklinga. Etter mi meining er det den siste forklåringa som held.
Men kvifor har då målfolk ofte hatt så lett for å hengja seg opp i og stridast om u- vesentlege forklåringar?
Eg skal fyrst sitera tre vise menn:
Aslak L. Helleve: Di mindre folkeleg oppslutnad ei rørsle har, di viktigare vert det å velja rett line.
Ottar Lie (om stridane i NKP i 1925): Det er ingen sak å få partiet lite.
Og til sist den glupaste tenkjaren av dei tre, Karl Marx: All historie er historie om klassekamp.
Med Ivar Aasens landsmål hadde folket i Noreg fått eit alternativt skriftmål som både var folkeleg og nasjonalt. Landsmål/nynorsk vann seg jamt større rom fram til andre verdskrigen. Etter krigen gjekk det tilbake.
For ihuga målfolk var dette uskjønleg. Folk tok ikkje imot frelsa dei vart tilbodne! Så i miss kan då ikkje folk ta. Noko lyt vera gale, anten med sjølve målet eller med måten saka vert presentert på.
Likskapen med ymse politiske og religiøse rørsler er påfallande.
Feila med landsmålet/nynorsken vart då at han var for gammalvoren og for vestlandsk. Når så dette vart rydda opp i med hjelp frå styresmaktene, var det dei som sa at «oppryddinga» ikkje hadde vore grundig nok. Medan tradisjonalistane for- klåra tilbakeslaget med at nynorsken no var vorten utskjemd av «målblandingi».
I-målsfolk og nynorsk-samnorskfolk var samde om at noko var gale med målet.
Påstanden om at nynorsk høver på Vestlandet, men ikkje på Austlandet er vorten spytta ut og oppattoggen så mange gonger at han er vorten ei vedteken sanning for dei fleste. Eg vågar å påstå at mange nynorskbrukarar med trur på denne «sanninga». Eigenleg er ikkje det så rart. Mange trur at det er fornufta som styrer, så når vestlendingar har valt nynorsk, medan austlendingar har valt bokmål, må grunnen vera at nynorsk høver i vest medan bokmål høver i aust. Slik er det ikkje. Ei forklåring ut frå klasse lyder slik: På Vestlandet budde der småbønder som var i opposisjon til både embetsmenn og byborgarar. På Austlandet var der ei gruppe bønder som hadde så store gardar at dei ynskte å vera med i det gode selskap. Då hadde dei ingen hug til å skilja seg ut frå dei fine korkje i målvegen eller i politikken. Husmenn og arbeidarar hadde lite dei skulle ha sagt.
Men etter kvart vart arbeidarane organiserte og begynte å stilla krav. I byane vart det mange arbeidarar og mange organiserte. Dei heldt seg til riksmål/bokmål.
Ein kulturell klassekamp
Sett slikt. Arbeidsfolk valde bokmål. Kvar vert det av klassekampen og Karl Marx som denne talaren synest setja så høgt?
Talaren svarar slik: Målsaka er ein kulturell klassekamp. Kulturelle klassestridar skil seg frå den vanlege økonomiske økonomiske, faglege klassestriden med å vera meir tildekt. Motsetnaden mellom kapital og arbeid ligg attom den kulturelle klassestriden med, men det er det ikkje så lett å få auga på.
Nikolaus Gjelsvik meiner grunnen til at austlendingane ikkje tok i bruk nynorsk, slik vestlendingane gjorde, var at folkekarakteren var annleis der enn på Vestlandet. Slik slepp Gjelsvik å nemna det formastelege ordet klasse.
Gustav Indrebø seier at arbeidarklassen har sine kulturelle ideal hjå overklassen. Indrebø tykkjest skjøna at kulturell klassestrid er finurlege greier. Etter gammalt har byfolk, sjølv lutfattige byfolk, filleproletariatet kalla, kjent seg høgt heva over bygdefolk, bønder. Ikkje det minste rart dei ikkje ville vita av bondemålet.
Då fylka skulle slåast saman, sa Rogaland – Stavanger – tvert nei til å gå saman med Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei ville for alt i verda ikkje ha nynorsk som tenestemål. Bergensarane sa ikkje ein knyst. Det kan vera at rogalendingane var i beit for gode argument mot samanslåing og at nynorsken då var god å gripa til. Men eg trur likevel at fylgjande kan liggja attom – umedvite sjølvsagt: Stavanger kjenner seg liten andsynes Bergen, då må Stavanger visa at dei i alle fall vil ha eit danna språk. Bergen er meir sjølvtrygg og kan sjå meir stort på det.
Mange vil synast er dreg klassekampomgrepet for langt no. Kanskje og kanskje ikkje. Fjøsmål har me då alle høyrt gjete. Då Henrik Wergeland hadde nytta nokre a-former; myra og ikkje myren, peika P. A. Munch på at slike former var vanlege blandt den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne. Dette var i 1830-åra. I 1950-åra protesterte riksmålsfolka mot samnorsken: det er sinkenes babbel vi skal lære.
Vas, men kulturell klassekamp så god som nokon.
Me har så lett for å tru at klassekamp er noko arbeidsfolk og andre eit stykke nede på rangstigen driv med. Dei på toppen driv også klassekamp. Tenk berre på kor ovende viktig det er å tilsett ein skattesnytar til å styra med oljefondet.
Eit særkjenne med kulturell klassekamp er at ein kan få vanlege folk til å omfemna og å gå i strid for overklassekulturen. (Tilsvarande er ikkje så uvanleg på andre om-kverve heller.)
Riksmålet har vore målet til dei på toppen. I dag er dette noko avveikt. No kan ein høyra næringslivstoppar tala dialekt – ispedd bokmål. Mange av dagens bokmålstilhengjarar er ikkje så opphengte i at nynorsk er stygt bondemål. Dei let heller om at språk.er eit praktisk spørsmål; det er så tungvint å ha to mål. Dyrt er det med.
Men soga ber me med oss. Oppfatninga av at nynorsk er stygt bondemål ligg og kosar seg i folkedjupet, både mellom velhaldne og mindre velhaldne.
Konklusjon på spørsmålet om kva lærdom me skal dra
Me må leggja oss sterkt på minnet at det ikkje treng vera noko gale med nynorsken sjølv om mange ikkje vil vita av han. Klasse, historie, samfunnstilhøve og fordommar er gode nok grunnar til motviljen andsynes nynorsk.
Sjølvsagt er det viktig korleis nynorsken ser ut, men det er ikkje noko hovudsak. Og slett ikkje ei sak for øydeleggjande indre strid. Me lyt forsvara nynorsken slik han er i dag.
Og ei målrørsle som ikkje kjenner si eiga soge er nøydd til å spela soga si omatt – og omatt.
Nasjonalmålet og det nasjonale argumentet, med sidesprang
Opp igjennom tidene har det ofte hendt at makthavarane i ein nasjon har lagt under seg ein annan nasjon og tvinga eller lokka sitt eige mål på den underlagde nasjonen. Når og om ein såleis underlagd nasjon vert sjølstendig på ny, er hovudregelen, i minsto i vår kulturkrins, at målet vert atterreist. I Noreg er dette berre halvvegs gjennomført. Grunnane til dette er visseleg innfløkte. Eg vågar å peika på to grunnar. Den eine dei innfløkte stigane til den kulturelle klassestriden. Den and- re at dei to måla det gjeld; dansk og norsk, i dag bokmål og nynorsk, er så like. Det gjer motsetnaden mellom framandt og norsk mindre klår.
Kviterussland og Ukraina er to land det er rimeleg å samanlikna oss med – i målvegen. Båe landa var i fleire hundreår ein del av Russland, seinare Sovjetsamveldet. Det er småe skilnader mellom måla i dei tre landa. Russisk vart rekna for finare og breidde seg på kostnad av kviterussisk og ukrainsk. I Minsk og Kiev voks det fram blandingsmål mellom russisk og heimemåla. Etter at Kviterussland og Ukraina vart sjølvstendige har det vore arbeidt for å atterreisa kviterussisk og ukrainsk som dei eigenlege nasjonalmåla. Dette har gått tregt med di russisk har hatt prestisjen.
Russisk har vorte bymål, medan nasjonalmåla har vorte bondemål.
I dette skriftstykket har eg lagt einsidig vekt på den sosiale sida ved målreisinga, det at nynorsk er folkemålet her i landet. Det har høvt seg slik ut frå emnet.
Eg vil understreka at det nasjonale argumentet er like viktig.
Eg trur ikkje målreisingstanken kan vinna fram utan at ein får gjennomslag for at det er nynorsk som er det norske nasjonalmålet.
I dag er bruken av det nynorske skriftmålet mykje godt avgrensa til Vestlandet med Hordaland som eit tyngdepunkt. Mykje talar for at det er her målstriden vert avgjord. Dei som braut ut or Vestlandske mållag for 50 år sidan nemnde fleire grunnar til brotet. Ein av dei var at Vestlandske mållag forsømte det praktiske målarbeidet.
Det burde forplikta oss som er samla her i kveld.
Skål for Bergen, den einaste normale byen i kongeriket
Sidan dette er ein årsmøtefest lyt det vel til ei skål. Eg vel å skåla for byen me er samla i, Bergen, einaste normale byen i landet.
Eg nemnde at det er vanleg at eit folk som har vorte fri eit framandstyre plar atterreisa sitt eige språk og sin eigen kultur. Det normale er at borgarskapen går i brodden. Det skuldast både ekte eldhug, men òg eigeninteresse. Klarar borgarskapen å elda opp dei store folkemassane til sunn, eller usunn, nasjonalisme, vonar dei at folk vert mindre bune til å krevja sosial rettferd.
Den norske borgarskapen har aldri kjent si gjestingstid. Bortsett frå eit par stutte raptusar kring 1850 og 1905 – og krigstida, sjølvsagt – har dei, like sidan Henrik Wergelands dagar, mykje godt overlate det nasjonale til venstresida.
I Bergen hadde der vore grupper av målfolk frå 1850-åra. 21. januar 1868 vart Vestmannalaget skipa i Bergen. Det var fyrste mållaget i landet. Oslo kom etter seinare same vinteren.
Viktigare enn tidsskilnaden på to månader er yrkessamansetjinga til lagslemene. Medlemene i Det Norske Samlaget i Oslo var akademikarar og skrivande folk. Den som baud inn til å skipa Vestmannalaget var kaupmann Henrik Krohn. Av dei 36 fyrste han fekk med seg her i staden var der 11 kaupmenn og 4 kaupmannsemne. Det var namn som Giertsen, Grieg, Kooter, Beyer og Hermann Friele (utruleg kva den mannen har vore med på). (Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år, side 17–18).
Vestmannalaget var i byrjinga eit landslag. I 1872 hadde laget 600 medlemmer spreidde kring i landet. I 1873 var 30 medlemer frå Island.
Kaupmennene i Vestmannalaget fekk ikkje fylgje av yrkesbrørne sine. Målsaka fengde ikkje fiffen i Bydn, for å seia det pent. Eg er fullt klår over at Vestmannalaget, som eit lag for einskilde frå Bergens byborgarskap, var ein episode. Tvert i mot var byen lenge kjent som eit riksmålsreir.
Likevel er det interessant at i minsto nokre frå byborgarskapen i Bergen oppførte seg som standsbrørne deira elles i Europa pla gjera; slutta opp om nasjonale rørsler. I andre norske byar såg ein ikkje noko tilsvarande. Eg skal ikkje gje meg i kast med ein inngåande analyse av fenomenet.
Takk til målarkeolog Knut O. Dale som gav meg talaroppdraget og til Egil Nysæter og Arne Hofseth som har leita fram gamle bladstykke.