Referat frå årsmøte for Voss mållag 5. mars 2015
Årsmøtet vart halde på personalrommet på Voss gymnas kl. 19.00 – 21.00.
Desse møtte: Nina Mork Brunvoll, Audun Lødemel, Eirik Helleve, Aslak T. Helleve, Sofie Helleve, Torstein Sausjord, Hallbjørg Gjøstein, Klaus Gjukastein, Lars Kvamsdal, Inge Draugsvoll, Reidun Horvei, Sinálvur Joanesarson, Kjartan Helleve, Guro Sofie Gjelland, Alf Jansen.
Innkalling til årsmøtet har vore ei lysing i Hordaland, epost til medlemmer og som informasjon på nettsida. Det var ingen merknader til innkallinga eller saklista.
Leiar av mållaget, Alf Jansen, vart vald til å møteleiar og Nina til skrivar.
Sak 1. Årsmelding 2013 – 2014
Leiar leste opp årsmeldinga med nokre utfyllande kommentarar.
Merknader frå årsmøtet til årsmeldinga:
- Ein legg merke til at det er godt driv i laget, og at mykje godt arbeid er gjort. Styret får ros for dette.
- Ein ynskjer at mållaget arbeider vidare med meir bruk av nynorsk som opplæringsmål til flyktningar og andre som treng norskopplæring her i kommunen
- Ein ynskjer tiltak for å fremja meir medvite bruk av nynorsk i skule og barnehage velkomen
- Ein ynskjer å støtta utarbeiding av opplegg til den kulturelle skulesekken, t.d. gjennom utdeling av songbøker, opplegg med konsertar, forfattarbesøk m.m.
Vedtak: Årsmeldinga vart samrøystes godkjend.
Sak 2. Rekneskap
Kasserar gjekk igjennom rekneskapet, sjå vedlegg. Endring i forhold til i fjor er at innkrevjing av medlemspengar vert gjort av Noregs Mållag. Ein gjer årsmøtet merksam på vedtaket frå 2013 der ein har lova 25 000 kr i støtte til utgjeving av bokprosjektet til Arvid Langeland.
Vedtak: Rekneskapen vart samrøystes godkjend.
Sak 3. Målpris og målblom
Styret ynskjer oppretting av to prisar, målprisen og målblomen.
”Voss mållag deler ut MÅLPRISEN for framifrå innsats for nynorsk språk. Prisen kan gå til personar, firma, organisasjonar eller institusjonar på Voss, eller med tilknytting til bygda. Medlemer og andre kan koma med framlegg til kandidatar, men styret i Voss mållag avgjer om prisen skal delast ut kvart år.
- Prisen er eit kunstverk av ein vestlandskunstnar
- Prisen vert første gong utdelt i 2016”
”Voss mållag deler ut MÅLBLOMEN til to ungdomskuleelevar for beste nynorsktekst.
- MÅLBLOMEN inneheld ein diplom og 1000 kr pr. elev.
- Styret i Voss mållag nemner kvart år opp ein jury på tre personar. Juryen står for gjennomføringa av tevlinga og kårar vinnarane av Målblomen.
- Målblomen vert første gong utdelt i 2016.”
Ein ynskjer samarbeid med lærarane på Voss ungdomsskule slik at ikkje ein slik konkuranse kjem i tillegg til anna arbeid i norskfaget. Ullensvang har allereie ein slik pris. Den har vorte populær hjå elevane.
Vedtak: Årsmøtet vedtok å oppretta prisane, og gjev styret fullmakt til å utarbeide gode kriterier og retningsliner til både prisane. Utdelinga av MÅLPRISEN og MÅLBLOMEN skjer i samband med årsmøtet til Voss mållag.
4. Val
Guro Sofie Gjelland frå valnemda la fram slikt framlegg til tillitsomboda i laget:
Styre:
Leiar Alf Jansen (vald til 2016) (Leiar er på val kvart år)
Nestleiar Knut Farestveit (attval 2 år, vald til 2017)
Skrivar Nina Mork Brunvoll (attval 2 år, vald til 2017)
Kasserar Inge Draugsvoll (ikkje på val, vald til 2016)
Styremedlem Reidun Horvei Lærum (ikkje på val, vald til 2016)
Varamedlemer:
1. Eirik Helleve (attval 1 år)
2. Marit Hafting (attval 1 år)
3. Audun Lødemel (attval 1 år)
Valnemnd:
Sinálvur Joanesarson (ny, vald til 2018)
Hallbjørg Gjøstein (vald til 2017)
Berit Lid Sekse (vald til 2016)
Ettersynsmenn:
Ragnar Karevoll (attval 1 år) og Jørund Rong (ny 1 år)
Vedtak: Det vart ikkje gjort framlegg om andre kandidatar på nokon av plassane og årsmøtet slutta seg samrøystes til framlegget frå valnemnda.
5. Ny nettside (vossmaallag.no)
Inge Draugsvoll, som driv Logolink på Vangen, presenterte den nye flotte nettsida med adresse vossmaallag.no. Logoen er samansett av V og M. Styret har kome med innspel til fargar og bladbunad. Alle i styret skal kunne redigere sida på ein enkel måte. Viktig å ha mange små innlegg, og alle vart oppmoda om å melde saker. Bruk t.d. fjesboka eller twitter til å gjere denne sida kjend.
6. Kjartan Helleve, redaktør i Norsk Tidend, hadde ordet
Opna med å skryte av nettsida vår: ”Finaste mållagsside i landet.”
Han heldt elles eit engasjerande innlegg der har tok utgangspunkt i ”dei 4 søylene”:
- moro-mållaget (framsnakking av laget er viktig)
- organisasjons-mållagetpolitikk-mållaget (mest kjend for dette)
- ur-mållaget (kva er det politiske og ideologiske grunnlaget?)
Han oppmoda om å nytte sentralleddet i Noregs Mållag, og understreka kor viktig det er for organisasjonen å finna ballansen mellom sentralt og lokalt ledd. Bruk fjesboka til å linke oppslag på heimesida vår og syne fram aktivitet i laget.
Torstein Sausjord avslutta med eit eige dikt.
Voss 5. mars 2015
Nina Mork Brunvoll (skrivar)