Referat, årsmøte 2018
Voss folkehøgskule, 7.3.18
11 frammøtte
1. Val av ordstyrar, referent og to til å skriva under protokollen
Ordstyrar: Eirik Helleve
Referent: Marit Hafting
Underskrivarar: Kristian Østrem, Torstein Sausjord
2. Godkjenning av innkalling
Det var ingen merknader til innkallinga.
3. Årsmelding
Styreleiar las opp årsmeldinga. Det kom merknad på at nokre namn var stava feil. Med dei merknadene vart årsmeldinga godkjent.
4. Rekneskap
Kasserar la fram rekneskapen, som viste eit underskot på 10 115 kroner. Den største utgiftsposten var eit tilskot på 25 000 til Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm.
Ettersynsmann Ragnar Karevoll har kommentert at det ikkje bør verte underskot framover. Rekneskapen vart godkjent.
5. Val
Kristian Østrem la fram innstillinga til valnemnda, som vart samrøystes vedteke. Etter årsmøtet er styret sett saman slik:
Leiar: Eirik Helleve (til 2019)
Styremedlemmar: Inge Draugsvoll (attval, til 2020)
Knut Farestveit (ikkje på val)
Marit Hafting (ikkje på val)
Linda Hjeltnes (ny, til 2020)
Varamedlemmar, i prioritert rekkjefølgje
Ingunn Hommedal (ny, til 2019)
Einar Horvei (ny, til 2019)
Anne Siri Bauthus Undeland (attval, til 2019)
I valnemnda var Snialvur Joanesarson på val. Han tok attval, slik at valnemnda er sett saman slik:
Kristian Østrem (til 2019)
Nina Mork Brunvoll (til 2020)
Sniálvur Joanesarson (til 2021)
6. Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs mållag
Styret hadde innstilt på at Voss mållag skulle ha to utsendingar til landsmøtet i Vinje 12.–15. april. Det kom benkeframlegg på at me skulle senda tre, og desse vart valde til utsendingar: Knut Farestveit, Eirik Helleve og Arvid Langeland, med Marit Hafting som vara.
7 Val av utsendingar til årsmøtet i Hordaland mållag
Knut Farestveit vart valt som utsending til årsmøtet på Stord, 17.–18. mars.
Marit Hafting
referent