Årsmelding for Voss mållag 2018-2019
Arbeidsår 7. mars 2018 – 27. februar 2019
Det har vore eit bra år for Voss mållag.
Årsmøtet i 2018 vart halde på Voss folkehøgskule 7. mars, med 11 medlemmar til stades. Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker.
Val
Styret
Leiar: Eirik Helleve (vald til 2019)
Nestleiar: Knut Farestveit (vald til 2019)
Skrivar: Marit Hafting (vald til 2019)
Kasserar: Inge Draugsvoll (vald til 2020)
Styremedlem: Linda Hjeltnes (vald til 2020)
Varamedlemer, alle valde til 2019
Ingunn Hommedal
Einar Horvei
Anne Siri Bauthus Undeland
Valnemnd
Kristian Østrem (til 2019)
Nina Mork Brunvoll (til 2020)
Sniálvur Joanesarson (til 2021)
Ettersynsmenn
Ragnar Karevoll og Sniálvur Joanesarson (båe valde for 1 år)
Landsmøtet til Noregs Mållag vart i 2018 arrangert i Vinje, 12.–15. april. Voss Mållag hadde tre utsendingar – Eirik Helleve, Knut Farestveit og Arvid Langeland.
Årsmøtet i Hordaland Mållag vart i 2018 arrangert på Stord. Knut Farestveit representerte Voss mållag.
Lagsarbeid
Styret hadde fem møte i perioden, og handsama 36 saker.
Det har mellom anna vore arbeidd med desse sakene:
Verving. Laurdag 27. oktober hadde me ein vervedag på Hestavangen. Mellom fem og ti personar sa at dei ville melda seg inn. Like viktig var det at me var synlege, og me delte ut mykje materiale om mållaget og målarbeidet.
Krus. Hausten 2018 produserte me eigne krus, med sitat av dei lokale forfattarane Sjur Bygd, Johan Fjellby, Signe Seim og Per Sivle. Styret hadde valt ut høvelege sitat frå tolv lokale forfattarar, og brukte dei fire mest populære. Krusa kom i sal tidleg i desember, og tiltaket må reknast som vellukka – me laga i alt 200 krus, og selde så godt som alle – ved utgangen av året var det berre to krus att.
Bokkveldar. Me har i fleire år samarbeidd med Voss lyrikklag og Voss bibliotek om ein bokkveld. Denne er vanlegvis om hausten, og lyrikklaget og mållaget vekslar på å ha hovudansvaret. I år arrangerte me to bokkveldar, ein i april og ein i november.
Diktaren og journalisten Aasmund Olavsson vart fødd 6. april 1818. Dagen før han ville ha fylt 200 år, altså 5. april, kåserte Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, om Vinje. Arrangementet var godt besøkt, men var diverre noko hemma av dårleg lyd.
Den 15. november kom Jan Inge Sørbø til Voss for å snakka om storverket Nynorsk litteraturhistorie. Den boka kom ut på Det Norske Samlaget i april, og leiar i Voss mållag, Eirik Helleve, var biletredaktør. Bokkvelden kolliderte diverre med ein stor konsert i Vangskyrkja, slik at oppmøtet var noko lågare enn vanleg.
Begge bokkveldane vart arrangerte i samarbeid med lyrikklaget og biblioteket. Lyrikklaget hadde hovudansvar for Vinje-kvelden, medan mållaget hadde hovudansvar for arrangementet i november.
Heimesida vert administrert av kasseraren. Det var i meldingsåret lite aktivitet på nettsida.
Økonomi
Etter fleire år med større utgifter enn inntekter, er økonomien i laget no solid. Overskotet for 2018 vart kr 22 462, og eigenkapitalen var ved årsskiftet kr 42 817. Største inntektskjelda var medlemsinntekter på kr 12 200. Laget fekk òg kr 10 000 i allmennyttig gåve frå Voss Sparebank og salet av diktarkrus gav eit overskot på kr 7 100.
Torstein Sausjord, som i mange år var styremedlem i Voss mållag, døydde 25. september. I gravferda vart det etter Torstein sitt ynskje samla inn ei gåve til Voss mållag, og her kom det inn 9 900 kroner.
Medlemstal
I 2018 hadde Voss Mållag 250 betalande medlemar, det er ein nedgang på 21 frå 2017.
Takk!
Styret vil takka Voss sparebank for gåve for ålmennyttige føremål og for betaling av lysingar! Takk òg til Voss lyrikklag og Voss bibliotek for godt samarbeid om bokkvelden. Takk også til Voss folkehøgskule, som lånte ut lokale til årsmøtet, og som stod for serveringa den kvelden.
Voss, 27. februar 2019
Styret i Voss mållag
Eirik Helleve, Knut Farestveit, Inge Draugsvoll, Marit Hafting og Linda Hjeltnes