Årsmelding for Voss mållag 2014 – 2015
Årsmøtet vart halde den 13. mars 2014 på personalrommet på Voss gymnas kl. 19.00.
Desse møtte: Hallbjørg Gjøstein, Inge Draugsvoll, Arvid Langeland, Ivar Molde, Torstein Sausjord, Knut Farestveit, Guro Sofie Gjelland, Alf Jansen.
Årsmøtet gjorde desse vala:
Styre:
- Leiar Alf Jansen (ny) (vald til 2015)(Leiar er på val kvart år)
- Knut Farestveit (ikkje på val) (vald til 2015)
- Nina Mork Brunvoll (ny) (vald til 2015)
- Kasserar Inge Draugsvoll (ny) (vald til 2016)
- Styremedlem Reidun Horvei (ny) (vald til 2016)
Varamedlem:
- Eirik Helleve (ny) (vald til 2015)
- Marit Hafting (ny) (vald til 2015)
- Audun Lødemel (ny) (vald til 2015)
Valnemnd:
- Guro Sofie Gjelland (ikkje på val) (vald til 2015)
- Hallbjørg Gjøstein (ny) (vald til 2017)
- Berit Lid Sekse (ny) (vald til 2016)
Ettersynsmann:
- Ragnar Karevoll (attval)
I 2014 hadde Voss mållag 259 medlemmer, men berre 209 betalande mot 237 i 2013.
Formelt lagsarbeid
Styret har hatt 8 møte med desse hovudsakene:
- aksjon for grunnlova på nynorsk
- aksjon for bruk av nynorsk i daglegvarehandelen på Voss
- utarbeidd mogleg målbruksplan for Voss kommune
- innspel til kulturplanen for Voss kommune
- idéar til den kulturelle skulesekken
- fråsegn til høyringa om NRK-plakaten
- oppretting av målpris
- oppretting av stiltevling for ungdomsskulelevar
- oppretting av eiga heimeside
Representasjon
- Seminar i Øystese i samband med årsmøtet i Hordaland mållag, vår -14. Utsending: Alf Jansen og Hallbjørg Gjøstein.
- Landsmøtet i Noregs mållag 4. – 6.april 2014 på Gardermoen.
Utsending: Knut Farestveit - Fylkesårsmøtet 28.februar – 1.mars 2015 i Fjell.
Utsending: Alf Jansen og Knut Farestveit
Tilskipingar
”Statsstyring og språkstrid” i samarbeid med Voss bibliotek 9. desember.
Jørn Øyrehagen Sunde hadde eit opplysande og godt formidla føredrag på Voss bibliotek. Arrangementet samla ca 30 stk. Me hadde loddsal (mållaget sitt kulturlotteri) i staden for inngangspengar.
Digitalt medlemsarkiv
Inge Draugsvoll arbeider med å oppdatere det digitale medlemsarkivet, slik at me kan senda ut informasjon til medlemmene våre på epost.
Heimeside
Inge Draugsvoll arbeider med å laga heimeside til Voss mållag. Her finn de presseklipp, referat frå møte, dialektkonkurranse m.m. Me får ei tidsriktig og informativ heimeside, berre gå inn å sjå! Adressa er www.vossmaallag.no
Verving av nye medlemmer
Me hadde vervedag 7. februar på Voss kulturhus (same dag som ungdomens kulturmønstring og O. H. Hauge-konsert i biblioteket). Alf Jansen og Knut Farestveit hadde stand, 5 nye teikna medlemskap og fleire tok med seg vervemateriell.
Økonomi
Styret har teke omsyn til oppmodinga frå sist årsmøte om stram økonomistyring, og utarbeida arbeidsprogram i tråd med dette. Me har tent kr 1800 på loddsal frå kulturlotteriet. Me har fått kr 5000 i gåve frå Voss Sparebank (ålmennyttige føremål), dei har også betalt lysingar for årsmøtet og tilskipinga i desember. Me er takksame for støtta frå banken.
Voss 24. februar 2015
Alf Jansen
Knut Farestveit
Nina Mork Brunvoll
Reidun Horvei
Inge Draugsvoll