Nynorsk i daglegvarehandelen på Voss
Er det ein ting det er nok av på Voss så er det matvarebutikkar, vert det sagt. Men Voss er handelssentrum for dei omkringliggjande kommunane, og såleis er det naturleg at alle dei store kjedene er representert her. Det er kamp om kundane! Voss mållag har hatt samtalar med butikksjefane for å høyra om språk og lokal identitet er verkemiddel i denne kampen.