Tre språklege ynske for Voss herad
I 2016 fekk Voss kommune endeleg ein målbruksplan. Før den komande samanslåinga har Voss mållag tre ynske:
- Det må lagast ein eigen målbruksplan for Voss herad
Dette ynsket er sjølvforklarande. Me bur midt i eit stort nynorskområde, men nynorsk er likevel under press her. Det er flott at det nye namnet er «herad», men eit slikt namn forpliktar. Ein målbruksplan er med på å streka under at nynorsk er administrasjonsspråket i heradet.