Om målbruksplanar.
Eirik Helleve sitt innlegg på Skulemålseminaret til Hordaland mållag, 9.11.2019.
Eg skal snakka litt om målbruksplanar. Eg er invitert hit av di Voss mållag hadde eit lesarbrev om dette på trykk i lokalavisa Hordaland i oktober, og eg kjem snart til det brevet. Men eg er museumsmann, eg har stort sett arbeidd ved museum heile livet, og har diverre fått ein yrkesskade som gjer at eg ikkje kan snakka offentleg utan å dra nokre historiske liner.