Ope medlemsmøte med nobelføredrag torsdag 7/12 kl. 17
Ver med å feira den store dagen for Jon Fosse, og for nynorsken. Les om markeringa på gymnaset lengre nede i teksten.
Voss feirar Fosse
At nobelprisen i litteratur går til den makelause Jon Fosse, fortel om krafta i det nynorske språket. Sjølv ser han prisen som ein pris til nynorsken. Eit lite språk vil alltid vera under press. Fleirtalet og mektige krefter i samfunnet ser sjeldan verdien av å halda oppe nynorsk som berar av kultur og identitet, eller som eit godt bruksspråk.
Sjølv her i nynorsken sitt kjerneområde må det kamp og innsats til for at nynorskbrukarar skal kunna bruka eige språk på ein jamstilt måte. Til dømes vil dei unge oppleva at digitale læremiddel og læringsressursar ofte ikkje er utarbeidd på nynorsk.
Når me no feirar Jon Fosse, så er det med visse om at nynorsken har lagt grunnlaget for forfattarskapen hans – og dette vil me markera!
Norskseksjonen ved Voss gymnas, i samarbeid med Voss mållag, skipar til ei Jon Fosse-veke fyrste veka i desember:
- Skuletorget i 1. høgd vil vera ei Fosse-grotte, m.a. med ei utstilling frå Nynorsk Kultursentrum. Voss mållag har stand her 7. desember
- Elevane les bøker av Jon Fosse
- Voss mållag inviterer elevane ved gymnaset og Voss VGS til ei poesi-tevling. Oppgåva går ut på å skriva eit dikt i stilen til nobelprisvinnar Jon Fosse. Dikta vert premiert innan tre kategoriar: innhald, språk eller form. Vinnarane får 1000 kroner kvar.
Torsdag 7. desember vert det feiring av nobelprisen:
- Gymnaset serverer kake i lunsjen og har kviss med fine premiar
- Vinnarar i poesi-tevlinga vert kunngjort
- Elevane vert utfordra til å kle seg som Jon Fosse!
- Direktesendt nobel-føredrag i stort auditorium kl. 17. Voss mållag inviterer til ope medlemsmøte i samband med dette. Me ser i felleskap føredraget til Fosse og etterpå kan ein sjå Fosse-utstillinga i "Grotten" på skuletorget i 1. høgda.
(Bilete frå gymnaset tidlegare i veka)