Nynorsk i daglegvarehandelen på Voss
Er det ein ting det er nok av på Voss så er det matvarebutikkar, vert det sagt. Men Voss er handelssentrum for dei omkringliggjande kommunane, og såleis er det naturleg at alle dei store kjedene er representert her. Det er kamp om kundane! Voss mållag har hatt samtalar med butikksjefane for å høyra om språk og lokal identitet er verkemiddel i denne kampen.
Voss er ein av dei største nynorskkommunane i landet. Her er folk flest vane med nynorsk, og språket er ein viktig del av identiteten. Slik er det òg i nabokommunane. Voss mållag kartla i 2014 haldningar til bruk av nynorsk som verkemiddel i reklame og marknadsføring i den lokale matvarebransjen. Leiarane fekk vurdera ulike sider ved det å driva butikk på Voss. Frå svara me fekk på spørjeskjemaet, kunne me dra nokre slutningar:
Framstå som lokal og anleis
Viktige grunnar til kunden sitt val av butikk er vareutval, pris og dei tilsette i butikken, meiner butikksjefane. Dette er svar me kunne rekna med. Men ein annan konklusjon er at det er positivt å framstå som ein butikk med lokal tilknyting og å vera anleis enn konkurrentane. Dei me spurde meiner òg at kundane let seg påverka av tiltak butikkane gjer på eiga hand. Er det då slik at dei kan gjera eigne ting?
Kven bestemmer?
Annonser, plakatar, skilting og annan reklame er nesten utan unntak utforma og produsert av butikkjedene sentralt. Det betyr tekstar på bokmål. Rett nok står nokre butikkar fritt til å levera inn sine eigne tekstar og få reklamen produsert på nynorsk. Men då vert det ekstra arbeid og kostnadar som det kan vera vanskeleg å forsvara i ein travel kvardag. Når det er sagt; nokre butikkar er medvitne og brukar nynorsk i lokalavisa og der dei elles kan. Dette er då i stor grad avhengig av om den ansvarlege i butikken sjølv er nynorskbrukar og ser verdien av å bruka den målforma som dei fleste kundane brukar.
Dei butikkane som vil bruka nynorsk seier det er enklast å gjera det på eigne handskrivne plakatar og i annonser i lokalavisa "Hordaland". Det siste er fordi avisa er ei solid nynorskavis med grafikarar som beherskar målforma. Ein annan grunn er at annonsemateriellet, meir no enn før, kan endrast. Dette har kome som eit ønskje frå fleire butikkar i nynorskkommunar.
Kva no?
Sjølv om butikksjefar meiner det er viktig å vera lokal og nå fram med marknadsføringa, så er det sjeldan å sjå nynorsk tekst i butikkane. Reklamemateriell er laga av folk som brukar bokmål. Dei har ein ståstad som gjer at dei ikkje forstår at nynorsk kan vera ein viktig del av folk sin identitet. Men at god nynorsk reklame snakkar meir direkte til kundar flest i vårt område, er det ikkje tvil om. Det skulle vera grunn god nok, også for dei som berre tenkjer kroner og øre...
Er du nynorskbrukar, gjerne som medlem i Voss mållag, så er det kanskje ein idé å støtta opp om dei næringsdrivande som fremjar den lokale identiteten med nynorsk tekst? Litt nynorsk er betre enn ingenting, sei det gjerne til dei du møter i butikken at nynorsk på plakatar og skilt er eit bra tiltak! Voss mållag vil følgja opp denne saka framover, og løfta fram næringsdrivande som brukar nynorsk - i alle bransjar.