Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Velkomen til festkveld 4 februar!

Kjære medlem! Voss mållag vart skipa 4. februar for 125 år sidan. Det skal markerast på festleg vis i Osasalen på Ole Bull Akademiet kl. 18–20.30. Ingvild Bryn losar oss gjennom eit program som spenner frå språklege ablegøyer til målpris og språkpolitikk. Og det vert flotte musikalske innslag og allsong. Ikkje vent med å kjøpa billettar, for her ventar me fullt hus! Sjå korleis du kjøper billett nedanfor.

Me får høyra Småkvedarane, Markus Lirhus og Berit Opheim i musikalske innslag. Peder Lofnes Hauge representerer Noregs mållag og Åse Wetås kjem frå Språkrådet. Den førre leiaren vår, Eirik Helleve, held kåseri om den lokale målsoga i laget sine 25 fyrste år. Ein liten pause med drøs og litt servering vert det plass til.

Deretter kjem Linda Eide og Gunnstein Akselberg sitt bidrag til festen: Vossadialekten, på høgde med det beste frå utlandet! Så vil Ingvild snakka med Åse og Solveig Brunvoll (jusstudent og medlem i juristmållaget) om korleis det er å nytta nynorsk som arbeidsspråk, den nye språklova, studenten si røynsle som utflytta vossing i bruk av nynorsk på universitetet m.m. Deretter snakkar Ingvild med Peder om korleis ein kan lyfta fram nynorsken og jobba politisk og målretta i organisasjonen; altså retta blikket noko meir framover og snakka om vegen vidare. Peder vil helsa frå Noregs mållag. Til slutt deler me ut Målprisen for 2022.

Billettar

‍Billettpris er 250 kroner (100 kroner for ungdom). Du kjøper billettar på førehand på Vipps til nr. 792164 (eller søk opp Voss mållag). Der er det ei handlekorg som me stengjer når det er utselt.

Har du spørsmål, eller manglar Vipps, kan du ringja Inge Draugsvoll på 41 41 00 10.

Sjumilssteg i språkhistoria

Sylfest Lomheim er ein populær formidlar og ein dyktig debattant med klare meiningar om språk og språkpolitikk. Han var den fyrste direktøren for Språkrådet og er ei kjend stemme frå m.a. Språkteigen i NRK. Han er i dag professor i norsk ved Universitetet i Agder. I Vonheim er temaet ”Sjumilssteg i språkhistoria”, der han startar med språket i Noreg på Jesu tid og endar på totusentalet. Han tek gjerne med seg gitaren òg. Etter føredraget vert det kaffi, te og noko å bita i, og kanskje har du spørsmål eller kommentarar til Sylfest?

VONHEIM, onsdag 28/9 kl. 19.00

Engasjerande føredrag om språket i Noreg.
Kaffiøkt.
Inngang kr 100

Tilskiparar: Folkeakademiet Voss og Voss mållag,
med støtte frå Folkeakademiet Hordaland

Voss mållag på Vossadagen

Voss mållag fekk vist seg fram med stand på Vossadagen, som er eit samarbeid mellom Voss herad, frivillige lag og organisasjonar og Voss sentrum. Det gav resultat, og me kan ynskja fleire nye medlemer velkomne!

Vossadagen 2022

Målblomen 2022

Amalie Umandi Lien, Eric Selland og Gudmund Andresen er kåra til vinnarar av Voss mållag sin årlege skrivekonkurranse Målblomen. Me gratulerer vinnarane! Her kan du lesa tekstane deira, som handla om språkforskaren Ivar Aasen. (Henta frå avisa Hordaland sin artikkel om Målblomen 7. mai 2022)

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Nasjonalt vårseminar i Ålesund Nasjonalt vårseminar i Ålesund Noregs Mållag inviterer til vårseminar i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund laurdag 25. og søndag 26. mars. The post Nasjonalt vårseminar i Ålesund appeared first on Noregs Mållag.

  • Kan nokon snart skru av internett? Kan nokon snart skru av internett? Men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. The post Kan nokon snart skru av internett? appeared first on Noregs Mållag.

  • Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen – Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. The post Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen appeared first on Noregs Mållag.

  • Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. The post Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? appeared first on Noregs Mållag.

  • Gunnar Ottne til minne Gunnar Ottne til minne Natt til 8. januar døydde Gunnar Ottne. Han vart 81 år gamal. The post Gunnar Ottne til minne appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Siste fredagskveld kom 8 lærarar og ein 2–3 andre saman og vedtok å skipa mållag for Voss

Den 17de Mai, 14.2.1898

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga